Korleis kjem eg meg til Flåm?
Du kan komma til Flåm med enten bil, buss, tog eller båt.
Korleis kjem eg meg frå cruise terminalen til dykk?
Me er lokalisert mindre enn 5 minutt gange frå cruise terminalen. Gå i retning togstasjonen og du vil sjå eit stort kvitt telt innerst i hamna.
Kan eg ta med kamera på turen?
Ja det kan du. Ta med beskyttelse dersom det regnar.
Kvar kan eg bestille billettar?
Klikk på det store ikonet til høgre i toppmenyen som seier "BOOKING" (eller "online booking" om du brukar telefon).
Kva type klede bør eg ha på meg?
Anbefalar bukse og langerma genser med mindre det er veldig varmt. Me har alt av nødvendig utstyr og dette er inkludert i billetten.
Du må kle deg etter vèr og sesong. På våren, hausten og vinteren anbefalar me ull på kalde dager. Temperaturen er ca 10 grader lågare i fart på fjorden enn i lufta på land.
Kan eg oppbevara bagasjen min hjå dykk?
Me har små skap for bagasje i vår resepsjon som du kan benytta gratis medan du er på tur. Har du større baggasje med deg anbefalar me att du nyttar bagasjeoppbevaringa ved togstasjonen.
Du må ta med deg all bagasje etter endt tur.
Kor lenge før tur bør eg møta opp?
På alle båtturar må du sjekka inn 20 minutt før avreise. Dette er for påkledning og registrering på vår passasjerliste, samt sikkerhetsgjennomgang før tur. For vandreturar eller skreddarsydde turar møter du til avtalt tid. Om vinteren ber vi deg møte 30 minutt før avreise på båtturane.
Er det alder/størrelse grense på turane dykkar?
Me har ingen aldersgrense på turane. På vinter Fjordsafari anbefalar me imidlertid ikkje å ha med barn under 6 år då det er svært kjølig på fjorden. Barn under 4 år kan vera med gratis på FjordSafari på fanget til foreldra (0-3 år) og treng derfor ikkje eigen billett. Skriv gjerne ein kommentar i reservasjonen dersom det gjeld deg (gjerne med alder) slik at våre guidar er forberedt med riktig bekledning for båtturar eller bilseter for landbaserte utflukter.
Me har flytedressar fra barne størrelsar til delte drakter stor XXL.
Korleis er sikkerheita på tur?
Sikkerheit er vår største prioritet på alle turar. På alle FjordSafari turar blir du utstyrt med flytedrakt og redningsvest, og før avreise tek guiden ein gjennomgang av sikkerheit ombord i båten. I løpet av dei 15 åra me har dreve med fjordsafari turar har aldri nokon havna i vatnet. Me er opptekne av at turen skal vera behageleg og trygg, og ikkje minst ei oppleving for alle aldrar. Førstehjelpsutstyr er alltid tilgjengeleg på båt- og guida turar.
Kan eg endra/avbestilla turen?
Me er svært fleksible og vil alltid prøva å hjelpa etter beste evne dersom du skulle behøva å endra avgang eller dato.
Du kan finne våre avbestillingsreglar her: Betingelser & vilkår
Kva er forskjellen på Basic FjordSafari, Heritage FjordSafari og Heritage Taste FjordSafari?
Klikk her for å samanlikne dei ulike FjordSafari turane.
Blir turen kansellert dersom det regnar?
Turane går i både sol og regn. Du får utdelt beskyttande flytedrakter for å holde deg både varm og tørr.
Fjorden oppleves faktisk ekstra magisk når det regnar!
Kva tiltak gjer de med tanke på covid-19?
Me legg opp til avstand mellom ulike reisefyljer ved på/avkleding.
Seteplan: før kvar tur blir det laga ein seteplan der me skapar avstand mellom ulike reisefyljer.
Desinfeksjon: alle flater på utstyr blir desinfisert, i tillegg blir alt utstyr satt i 24 timars karantene mellom bruk. Alle overflater i båtane blir reingjort og desinfisert mellom kvar tur.
Desinfeksjonsmiddel: «Purell advanced surface sanitizing» spray på utstyr samt «Kemetyl Raudsprit» på båtar. «Purell Advanced hygienic hand Rub» er tilgjengeleg ved begge inngangar til vår resepsjon og me oppfordrar alle gjester til å sprite hendene ved innsjekk og avreise.
Me oppfordrar gjester med teikn til luftvegsinfeksjon om å ikkje møta opp, desse kan me vise vekk.